Viktige endringar før auksjon av oppdrettsløyve

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Nærings- og fiskeridepartementet opnar auksjonspåmeldinga til 6. oktober, og gir aktørane høve til å seie frå seg kapasitet kjøpt til fastpris.

Finansdepartementet sendte i dag på høyring eit forslag til innretning av grunnrenteskatt for havbruksnæringa. Sjølv om utforminga ikkje er endeleg avgjord, kan forslaget påverke aktørane si verdsetjing av produksjonskapasitet.

 – Ny informasjon om rammevilkår kan gjere at fleire aktørar ønskjer å delta i auksjonen 12. oktober. Derfor opnar vi auksjonspåmeldinga og forlenger fristen for registrering til 6. oktober, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.

Statsråden har også vedtatt å gi alle aktørar som kjøpte kapasitet til fastpris tidlegare i år tilbod om å heve kjøpet mot tilbakebetaling av fullt vederlag.

Stabilitet

– Ved å gi høve til å heve kjøp av kapasitet legg vi til rette for stabilitet for næringsaktørane, gitt at det no ligg føre ny informasjon. At eventuelt fråsagd kapasitet blir overført auksjonen gjer at dette ikkje går på kostnad av vekstmålet regjeringa har for havbruksnæringa. Dersom nokre aktørar vel å seie frå seg kapasitet kan dei likevel oppnå vekst i denne runden med tildelingar ved å melde seg på auksjonen, seier Skjæran.

 Dette gjeld både kapasitet kjøpt som vekst på eksisterande løyve, og kapasitet som følgje av særleg god miljøsituasjon - såkalla unnataksvekst. Aktørane står heilt fritt til å sjølv vurdere om dei ønskjer å nytte dette tilbodet, og kor mykje av den kjøpte kapasiteten som eventuelt skal hevast. Det blir altså opna for å berre heve delar av kjøpet. Eventuell fråsagd kapasitet vil bli tilbydd på auksjon i grøne områder.

Auksjonen av nye løyve for oppdrett av laks, aure og regnbogeaure finn stad 12. oktober. Prøveauksjonen er 10. oktober.

Fråseiing av kapasitet

For å fråseie seg kapasitet kjøpt til fastpris må aktørar fylle ut skjema for fråseiing av kapasitet på Fiskeridirektoratet sine nettsider. Dette må vere ferdig utfylt seinast 6. oktober. I tillegg må skjemaet skrivast ut og signerast, og sendast Fiskeridirektoratet anten med rekommandert brev eller med sendemann. Fysisk skjema må vere direktoratet i hende seinast 11. oktober kl. 15.00. Fråseiing er bindande frå det tidspunktet direktoratet mottek fysisk skjema.

Fiskeridirektoratet vil så snart som mogeleg treffe vedtak om tilbaketrekking av selt kapasitetsauken, og refundere innbetalte vederlag. Vederlaget vil ikkje inflasjonsjusterast. Med mindre noko anna er særskilt bestemt i vedtaket skal tilbaketrekking av selt kapasitet gjelde frå 25. oktober.

Heving av kapasitet må meldast i heile tonn.

Opning av auksjonspåmelding

Ny frist for å registrere seg til auksjonen er 6. oktober kl. 23.59. Denne fristen inkluderer lasting opp av elektronisk bankgaranti. Innsende bankgarantiar for allereie påmeldte aktørar er framleis gjeldande, og desse treng derfor ikkje gjere seg noko. Fysisk bankgaranti må vere direktoratet i hende seinast 11. oktober kl. 15.00. Fysisk bankgaranti kan sendast anten med rekommandert brev eller med sendemann. Bankgarantien må vere på NOK 2 millionar, og minimum vere gyldige til 27. desember 2022.

 

Original bankgaranti merkast med «Auksjon 2022», og blir rekommandert sendt til:

            Fiskeridirektoratet

Pb. 185 Sentrum

5804 Bergen.

 

Original bankgaranti kan også leverast ved oppmøte, anten personleg eller med sendemann, hos Fiskeridirektoratets gjestingsadresse:

            Strandgata 229

5004 Bergen.