Dovrefjell (Snøhetta)

Dovrefjell. Snøhetta er synleg over store avstandar der ho ragar over høgfjellsplatået på Dovrefjell. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.

Turistkart over Dovrefjell.

/Store norske leksikon.
Lisens: Avgrensa gjenbruk
Enige og Tro indtil Dovre falder
«Enige og Tro indtil Dovre falder – Rigsforsamligen danner Broderkæde», eit postkort til 100-årsjubileet for den norske grunnlova i 1914.
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Dovrefjell er fjellstrekninga mellom Dovre i Innlandet og Oppdal i Trøndelag. Ofte blir namnet Dovrefjell brukt om heile høgfjellsområdet i grensetraktene mellom Innlandet, Trøndelag og Møre og Romsdal.

Opphavleg var Dovrefjell namn på traktene omkring dei gamle ferdselsvegane som førte mellom det sønnafjelske og nordafjelske Noreg.

Dovrefjell blir ofte kalla Dovre, som er namnet på bygda på sørsida som Dovrefjell har fått namn etter.

Geologi og landsformer

Dovrefjell består av to bergartskompleks: prekambriske gneisar og folierte granittar i vest og granitt-tonalitt i aust. Den vestlege delen, nordvest for Vålåsjø–Drivdalen, har harde bergartar (gneis, granitt, kvartsitt og sparagmitt) med fleire høge toppar (Snøhetta 2286 meter over havet, som er det høgaste fjellet i landet utanfor Jotunheimen, Svånåtindan 2209 meter over havet, Skredahøin 2004 meter over havet). Det austlege området høyrer til Trondheimsfeltet med kambrosiluriske bergartar, mellom anna fyllitt, som vart sterkt omdanna (metamorfosert) ved den kaledonske fjellkjedefaldinga. Dei lagdelte sedimentbergratane er gjennomsette av eruptive bergartar. Her er avrunda fjellformasjonar med toppar på 1500–1700 meter, og høgast når fjella der det er eruptiv i berggrunnen (Fokstuguhøin 1716 meter over havet). Innafor fyllittformasjonen finst det koparkis (Folldal og Tverrfjellet aust for Hjerkinn) der det tidlegare var gruvedrift.

Fleire store elver har kjeldene sine på Dovrefjell: Driva og Orkla, som renn nordover, Folla austover til Glomma, Gudbrandsdalslågen søraustover og Rauma og Aura vestover.

Det aller meste av det ubygde høgfjellet er verna som nasjonalpark. I 1974 vart Dovrefjell nasjonalpark oppretta. Den omfattar områda på søraustsida av E6 og Dovrebanen. Den nordlege delen av Dovrefjell inngår i Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark, oppretta i 2002. Fokstumyra har fleire sjeldne fugleartar og er freda som naturreservat.

Samferdsel

Dei gamle ferdselsvegane gjekk frå garden Tofte i Dovre forbi fjellstovene Fokstua, Hjerkinn, Kongsvoll og Drivstua. I dag går Dovrebanen og E6 over Dombås, forbi Hjerkinn og ned Drivdalen. Frå Hjerkinn går det veg gjennom Folldal til Alvdal (fylkesveg 29).

Historikk og kultur

Dovrefjell har ofte vore brukt som symbol på det grunnfesta og urokkelege. Til dømes avsa eidsvollsmennene eiden «enig og tro inntil Dovre faller» etter forhandlingane i 1814. Uttrykket «Så lenge Dovre står» er eit anna døme på dette. Men Dovrefjell har også vorte brukt som symbol på det avstengde og sjølvgode, som med karakteren Dovregubben i Peer Gynt av Henrik Ibsen.

På Hjerkinn ligg Eysteinkyrkja, reist i 1969. Vest for Hjerkinn har Forsvaret hatt skytefelt, men desse er no nedlagde.

Vêrvarslingsdistrikt

Vêrvarslingsdistriktet Dovrefjell omfattar forutan det eigentlege Dovrefjell også fjellstrok nordaust for Kvikne.

Namn

Namnet kjem truleg av norrønt Dofrar, opphavleg eit gards- og bygdenamn, som har usikker tolking. Det er kanskje ei avleiing av davra, ‘spakne, løye’, slik at Dofrar kan bety ‘ein stad med ly for uvêr’. Det kan også vera avleiing av indoeuropeisk dhubh, her med tydinga ‘djup’. Dovre skulle då tyde ‘dal, kløft’.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Gro Steinsland: Dovrefjell i tusen år. Mytene, historien og diktningen. Vigmostad & Bjørke 2014.
  • Brox, Karl H.: Dovrefjell-Sunndalsfjella, 2008, isbn 978-82-7643-471-2
  • Langenes, Alf: Dovrefjell: historie, natur, dyreliv, 1988, isbn 82-09-10505-1

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg